Retorikk i reklame
Retorikk er kunsten å overtyde. Og det er jo nett det som er målet med reklame: å påverke eller overtyde deg.

Moderne reklame tek i bruk grepa i retorikken, og vender seg både til fornufta og kjenslene dine.
Vil du vite meir om appellformane i retorikken, kan du lære meir i denne artikkelen frå NDLA.
Sterke kjensler (patos)
Mykje reklame speler på kjenslene dine. Når du er følelsesmessig påverka, er det vanskelegare å vere kritisk til reklamebodskapen. Det kan hjelpe å ha eit bevisst forhold til kjenslene reklamen vekker i deg. Kva kjensler får du av denne reklamen? Kvifor? Kva element i reklamen er det som vekker desse kjenslene?
Truverd til sals (etos)
Reklame er som regel kjøpt og betalt. Likevel er truverd viktig, i reklame òg. Merkevarebygging handlar ofte om å få eit produkt eller eit firma til å verke ekte, påliteleg og truverdig. Annonsørane kan òg gjere mykje for å få sjølve bodskapen til å stå fram som meir truverdig. Dei kan for eksempel samarbeide med ein influensar målgruppa kjenner og stolar på. Eller dei kan vere ærlege om seg sjølv og produkta sine, eller bruke eit enkelt og ujålete språk.
Fornuft og logikk (logos)
Reklamen kan sjølvsagt òg forsøke å overtyde deg med logiske og fornuftige argument. Når eit bakeri skal selje grovbrød, kan det for eksempel vere lurt å nemne at fiber og fullkorn er bra for fordøyinga. Kanskje kan dei til og med vise til forsking som støttar argumenta deira?
Oppgåve: Reklameanalyse
- Vel eit av bilda under.
- Skriv ein kort tekst (ca. ei A4-side) der du analyserer reklamen.
Legg spesielt merke til kva verkemiddel annonsøren bruker for å bygge truverd, kva verkemiddel som appellerer til kjenslene, og kva element i reklamen som retter seg mot fornufta.
Viss du treng inspirasjon, kan du ta ein kikk på denne modellteksten hos NDLA.

Kompetansemål
Salg, service og reiseliv
- lag en markedsføringskampanje og gjøre greieene til denne målgruppen er tatt hensyn til (innovasjon og markedsføring vg2 salg og reiseliv)
- utarbeide og presentere informasjon tilpasset ulike målgrupper og bruke egne kommunikasjonsverktøy (kommunikasjon og yrkesutøving vg2 service, sikkerhet og administrasjon)
Norsk
- gjøre rede for og reflektere over bruken av retoriske appellformer og språklige virkemidler i sakprosatekster (sf vg1)
Samfunnskunnskap
- drøfte korleis personleg økonomi, kommersiell påverknad og forbruk påverkar enkeltpersonar, grupper og samfunn
Medie- og informasjonskunnskap 1
- reflektere over mediebruk og vurdere korleise sosial medium, og andre medium, kan påverke haldningar, identitet og sjølforståing.