Pyramidespel
Pyramidespel lovar deg masse pengar utan at du treng å jobbe. Men eigentleg er pyramidespel ei form for svindel. Blir du med i eit pyramidespel, er det fort gjort å tape mykje pengar.
Oppgåve: Korleis kjenner du igjen pyramidespel?
Diskuter i grupper
- Har de nokon gong fått tilbod om å vere med på noko som kan vere pyramidespel? Kjenner de nokon andre som har fått det? Eller har de lese eller høyrt om nokon slike opplegg?
- Kva kjenneteikn er det som gjer at de tenker at dette kan vere pyramidespel?

Kompetansemål
Samfunnskunnskap
- drøfte korleis personleg økonomi, kommersiell påverknad og forbruk påverkar enkeltpersonar, grupper og samfunn
Medier og kommunikasjon
- I mediesamfunnet handler det tverrfaglige temaet folkehelse og livsmestring om å vise etisk bevissthet rundt egen og andres mediebruk, og om å kommunisere ansvarlig i sosiale medier