Sjå opp for manipulerande design
Manipulerande design, såkalla «dark patterns», blir brukt for å påverke oss til å ta val vi elles
ikkje ville teke.

Manipulerande design er utforming og ord som er meint å påverke deg til å gjere noko du eigentleg ikkje vil. Det kan vere å handle, bli verande som kunde eller få deg til å gi frå deg personopplysningar. Eit typisk eksempel er eit timeglas som er i ferd med å renne ut når du ser på ei vare, og som gir deg kjensla av å måtte skunde deg å handle for å få ein god pris. Andre eksempel kan vere prangande fargar, strategisk plassering av svært gode tilbod, at du må gjennomføre fleire skritt for å seie opp eit abonnement, eller at opplysningar om angrerett eller kontaktinformasjon er vanskeleg å finne.
Forbrukartilsynet og andre europeiske forbrukarmyndigheiter har undersøkt mange appar og nettstadar, og fann ut at 75 % av nettstadane og appane inneheldt manipulerande design.
Problemet med manipulerande design er at det kan lure oss til å kjøpe varer eller tenester, eller inngå avtalar vi elles ikkje ville godtatt. Dette kan vere ulovleg. Tidlegare i år gjekk fleire forbrukarorganisasjonar i EU saman om ei klage på den kinesiske nettbutikken Temu. Dei meiner Temu har brukte manipulerande design på ein ulovleg måte.
Les nyhetssak frå NRK om dette: Temu blir klaga inn for brot på EU-lov: – Manipulative verkemiddel
Eksempel på manipulerande design
Du har nok ganske sikkert sat manipulerande design, sjølv om du kanskje ikkje har vore klar over kva det blir kalla. Her er nokre typiske eksempel på manipulerande design:
- Du har vunne gems, diamantar og gull når du speler, men må i tillegg betale ein sum ekte pengar for å få kjøpt noko i spelet.
- Dagen etter at du har vore inne i ein nettbutikk får du meldingar som: “hugsar du at du la desse varene i handlekurven? Fortsett handelen her.”
- Du ser på ei vare i ein nettbutikk, så dukkar det plutseleg opp andre “anbefalingar” eller varer som “andre har sett på”.
- Du prøver å avbestille ei teneste, men må gjennom mange obligatoriske steg før du finn “avbestillingsknappen”.
- Du går inn på ei nettside der det dukkar opp pop-up-vindauge med “gode tilbod” eller oppfordring om å bli med i kundeklubben.
Oppgåve 1: Finn verkemidla
a) Kor mange verkemiddel finn du på bildet under? Dra i streken på midten av bildet for å sjå nettsida med og utan verkemiddel.
b) Refleksjonsoppgåve: Drøft korleis verkemidla kan påverke deg til å gjere noko du eigentleg ikkje hadde tenkt å gjere.
Ta gjerne utgangspunkt i disse hjelpespørsmåla:
- Kvifor trur du desse verkemidla blir brukte?
- Kva kan desse verkemidla få deg til å føle?
- Korleis kan du blir påverka?
Sjå opp for abonnementsfeller
Har du nokon gong takka ja til ein gratis prøvepakke av eit produkt? Deltek du nokre gongar i konkurransar på nett som lover fantastiske premiar? Då bør du vere på vakt.

I reklame for sminke og helsekostprodukt kan du ofte sjå uttrykk som: “gratis prøvepakke”, “prøv gratis”, “prøv gratis i 30 dagar” eller liknande. I slike tilfelle kan det vere lurt at du undersøker litt nærare. Elles kan du plutseleg oppdage at du har takka ja til å betale for eit abonnement du ikkje meinte å bestille.
Nokre selskap bruker sleipe triks for å lure forbrukarane inn i abonnementsfeller. Forbrukarane opplever å få dyre abonnement når dei eigentleg berre takka ja til gratis prøvepakke via ein annonse på nett. Forbrukarrådet har gått ut og åtvara mot dette, og Forbrukarklageutvalet meiner at fleire av desse avtalane om abonnement ikkje er gyldige.
Det er naturlegvis ikkje lov å ta betalt for eit abonnement du som kunde aldri har takka ja til.
Når du bestiller varer på nettet, skal det vere lett å sjå viss bestillinga inneheld ein abonnementsavtale. Du skal då få opplysningar om kor ofte du vil få tilsendt pakkar av produktet, og om kva dette kostar. Du skal òg få desse opplysningane når produkta blir marknadsført av influensarar, for eksempel på TikTok eller Instagram.
Dersom du ikkje har fått denne informasjonen på førehand, er ikkje abonnementsavtalen gyldig. Har du motteke varer som du ikkje har bestilt, treng du ikkje betale for desse. Dersom du får beskjed om at du må betale bør du gjere følgande:
- Send ei skriftleg klage til selskapet der du opplyser om at du er ueinig i kravet og at framtidige sendingar må stoppast.
- Dersom selskapet sender kravet vidare til eit inkassobyrå, må du sende ei skriftleg klage til inkassobyrået.
- Viss du ikkje blir samd med selskapet om ei løysing på tvisten, kan du ta saka vidare til mekling i Forbrukartilsynet.
Her kan du sjå eit eksempel på kva du kan skrive til seljar/firma:
Eg kjøpte eit produkt/ein teneste hos de den (dato) og meiner at prisen ikkje er den vi avtala. Eg har aldri takka ja til å inngå eit abonnement. De må stoppe å sende meg produkt/tenester.
Eg ber om at de behandlar klaga mi og forklarer kva som har skjedd i saka. Eg veit at no når eg har klaga er det ikkje lov å sende saka vidare til eit inkassobyrå. Eg ber òg om at det inkassoselskapet de brukar får beskjed om at eg har klaga til dykk.
Eg ber om svar på dette brevet seinast innan 7 dagar.
Vennleg helsing …
Oppgave 2: Skriv ei klage
Du har bestilt ein prøvepakke på for eksempel betakaroten eller proteinpulver. Plutseleg oppdagar du at du har gått i abonnementsfella.
- Skriv ei skriftleg klage til selskapet der du opplyser om at du er ueinig i betalingskravet og at framtidige varer/pakkar må stoppast.
- Dersom selskapet sender krav vidare til eit inkassobyrå, må du òg sende ei skriftleg klage til inkassobyrået. Skriv ei skriftleg klage til inkassoselskapet der du informerer om at du ikkje er einig i at du skal betale og at saka må settast på vent.

Kompetansemål
Salg, service og reiseliv
- gjøre greie for regler og lovverk som er relevante for servicenæringen, og forklare hvordan de regulerer drift av virksomheter (forretningsdrift vg1)
- kjenne til og nytte gjeldande regelverk for marknadsføring og sal (markedsføring og innovasjon vg1)
- beskrive og følgje gjeldande regelverk for sals- og reiselivsbedrifter som regulerer forholdet til kundar, tilsette og næringsliv (forretningsdrift vg2 salg og reiseliv)
- gjøre greie for regelverk for klager og reklamasjoner (innovasjon og markedsføring vg2 salg og reiseliv)
Norsk
- gjøre rede for og reflektere over bruken av retoriske appellformer og språklige virkemidler i sakprosatekster (sf vg1)
- reflektere over sakprosatekster og gjøre rede for den retoriske situasjonen de er blitt til i (sf vg2)
Samfunnskunnskap
- drøfte korleis personleg økonomi, kommersiell påverknad og forbruk påverkar enkeltpersonar, grupper og samfunn