Influensarreklame
Kva er skilnaden på influensarreklame og andre former for reklame? Korleis blir du påverka av influensarreklame? Og kva kan du gjere med det?
Blir det for mykje?
I ei undersøking frå Medietilsynet var 76 prosent av 17–18 år gamle jenter og 65 prosent av gutane i same alder einige i at dei får for mykje reklame i sosiale medium.
Oppgave 1: Lesarinnlegg
Synest du det er for mykje reklame i sosiale medium? Kva gjer all denne reklamen med oss? Korleis skal vi forhalde oss til reklamen vi møter i sosiale medium?
Skriv eit lesarinnlegg på ca. éin A4-side kor du argumenterer for synet ditt.
Tips: Sjå gjerne gjennom videoen over éin gong til for å finne gode argument!
Oppgave 2: Reklameanalyse
- Sjå intervjuet med Kamilla Knutsen Steinnes. Legg merke til det ho seier om kva verkemiddel influensarane ofte nyttar.
- Vel ein influensar du følger eller har høyrt om. Sjå om du kan finne fire-fem innlegg som inneheld reklame.
- Sjå nøye på reklameinnlegga. Kva verkemiddel blir nytta her? Kjenner du igjen nokre av verkemidla frå videoen?
- Notar for deg sjølv kva verkemiddel du har funne.
- Gå saman to og to.
- Samanlikn notat. Har de notert det same? Eller har influensarane nytta forskjellige verkemiddel? Kvifor det, trur de?
Kompetansemål
Samfunnskunnskap
- drøfte korleis personleg økonomi, kommersiell påverknad og forbruk påverkar enkeltpersonar, grupper og samfunn
Norsk
- gjøre rede for og reflektere over bruken av retoriske appellformer og språklige virkemidler i sakprosatekster
Medier og kommunikasjon
- I mediesamfunnet handler det tverrfaglige temaet folkehelse og livsmestring om å vise etisk bevissthet rundt egen og andres mediebruk, og om å kommunisere ansvarlig i sosiale medier
- Tekst og kildeferdighet handler […] om å forstå og bruke virkemidler i muntlige, skriftlige, visuelle og auditive medieuttrykk og sjangre.
- reflektere over mediebruk og vurdere korleise sosial medium, og andre medium, kan påverke haldningar, identitet og sjølforståing