Korleis verkar reklame?
Poenget med all reklame er å påverke eller overtyde deg. Ofte er målet å få deg til å kjøpe noko, eller å endre meining om eit produkt eller merke. Slik reklame kallar vi kommersiell reklame.

Reklame kan òg innehalde politiske bodskapar eller folkeopplysning. Denne reklamen er ikkje laga for å tene pengar, men han prøver likevel å påverke deg. Dette gjeld for eksempel haldningskampanjar som prøver å få deg til å la vere å køyre elsparkesykkel utan forsikring, eller til å bruke setebelte på bussen. Denne typen reklame kallar vi ikkje-kommersiell reklame.
Verkemiddel som verkar
For å forstå korleis ein annonse, eller eit reklameinnlegg i sosiale medium prøver å påverke deg, er det lurt å starte med å undersøke kven som står bak reklamen, og kva dei prøver å oppnå. Kven seier kva til kven, og korfor?
Deretter kan du sjå nærare på korleis reklamen får fram bodskapen sin. Kva verkemiddel blir brukt? Kva fargar er for eksempel i fokus? Korleis er språket i reklamen? Kva med musikk og lyd? Blir det brukt humor?
I samansette tekstar som annonsar eller reklameplakatar blir det ofte brukt mange forskjellige verkemiddel for å få fram bodskapen. Saman kan alle desse verkemidla ofte formidle noko anna og meir enn dei gjer kvar for seg. Derfor er det òg viktig å sjå på korleis dei forskjellige verkemidla verkar saman. Forsterkar dei kvarandre, eller har dei motsett effekt? Kommuniserer for eksempel tekst og bilde det same, eller formidlar dei forskjellige ting?
Det viktigaste først
I reklame er dei forskjellige elementa ofte sett saman slik at det skal vere lett å få med seg den viktigaste bodskapen. Det kan vere nyttig å tenke over korleis reklamen er komponert. Kva er det første du legg merke til? Korfor? Kva element er størst og minst? Kva kjem først og sist? Er det noko som skil seg ut frå resten?
Oppgåve: Verkemiddel i reklame
I grupper:
- Sjå reklamevideoen under.
- Diskuter i gruppa: Kven er annonsøren bak videoen? Kva er hovudbodskapen? Kven trur de er den viktigaste målgruppa?
- Sjå videoen ein gong til. Diskuter i gruppa: Kva verkemiddel la de merke til? Kva var spesielt med språket i videoen? Blei det brukt humor? Korleis blei lyd og musikk brukt? Kva med fargar og lys?

Kompetansemål
Norsk
- gjøre rede for og reflektere over bruken av retoriske appellformer og språklige virkemidler i sakprosatekster (sf vg1)
Samfunnskunnskap
- drøfte korleis personleg økonomi, kommersiell påverknad og forbruk påverkar enkeltpersonar, grupper og samfunn
Salg, service og reiseliv
- Planlegge og gjennomføre en markedsføringskampanje til en selvvalgt målgruppe og presentere hvordan forbrukeratferd og medievanene til denne målgruppen er tatt hensyn til.
- Utarbeide og presentere informasjon tilpasset ulike målgrupper og bruke egne kommunikasjonsverktøy (kommunikasjon og yrkesutøving vg2 service, sikkerhet og administrasjon)
Medie- og informasjonskunnskap 1
- reflektere over mediebruk og vurdere korleise sosial medium, og andre medium, kan påverke haldningar, identitet og sjølforståing.
Markedsføring og ledelse
- Utforske ulike kommunikasjonsstrategier og vurdere hvordan virksomheter bruker markedskommunikasjon som kompetansemiddel (MFL 1).