Dette må du vite om avtalar
Når har du eigentleg inngått ein avtale? Kva forpliktar du deg til? Kva gjer du om avtalen blir broten? Og kva er eigentleg urimelege avtalevilkår?

Mange trur at dei berre har inngått ein avtale når begge partar har signert ein skriftleg kontrakt. Det stemmer ikkje. Så lenge eit konkret tilbod er akseptert, er det inngått ein avtale. Du har for eksempel kanskje kjøpt eller selt noko på Tise eller Finn.no? Då har du vore med på å inngå ein avtale. Det å legge ut noko til sals, altså sjølve annonsen, er det konkrete tilbodet. Og det å takke ja til dette er aksepten. Med andre ord: tilbod+ aksept = avtale. Og hugs at munnlege avtalar er like bindande som skriftlege!
Avtalar bør vere skriftlege
Det finst mange former for avtalar. Nokre er meir omfattande og formelle enn andre. Omfanget av ein avtale kjem stort sett an på kven som inngår avtalen, og kva som skal avtalast. Ofte er det slik at jo større næringsdrivande og beløp det er, jo meir omfattande er avtalane.
Dei fleste avtalane du inngår skjer antakeleg via telefonen din. For eksempel når du kjøper noko på nettet eller opprettar eit abonnement på Spotify. Det kan òg vere andre typar avtalar, som å kjøpe ein bruktbil av ein kompis eller inngå ein leigeavtale på ei leilegheit.
Uansett korleis og på kva måte ein avtale blir inngått, så skal han haldast. For å unngå usemje i etterkant om kva som har blitt sagt eller lova i ein avtale, er det lurt at avtalar er skriftlege. Då står du òg sterkare om de blir usamde, og har dokumentasjon på kva de har avtalt. Derfor kan det til og med vere lurt å skrive ned munnlege avtalar.
Ein skriftleg avtale kallar vi ofte ein kontrakt. Forbrukarrådet har laga forslag til kontraktar du kan laste ned frå nettsida deira. Då slepp du å skrive innhaldet til avtalen sjølv, og du kan vere sikker på at dei viktigaste punkta er med. Du kan bruke desse kontraktane som dei er, eller tilpasse dei etter behov. Der finn du for eksempel standardkontraktar for husleige og kjøp av moped eller motorsykkel.
Kva forpliktar du deg til?
Sidan partane må halde det som står i kontrakten, må det komme tydeleg fram kva avtalen går ut på. Kontrakten bør òg innehalde informasjon om kva som skjer viss avtalen blir broten. Det å bli einige om avtalevilkåra på førehand, gir tryggleik og føreseielegheit for begge partar. Då veit ein kva som skjer viss ein av partane bryt avtalen. Eit avtalevilkår kan for eksempel vere at kjøparen kan trekke seg frå avtalen viss seljaren leverer for seint eller ikkje leverer i det heile. Eller at avtalen har 12 månaders bindingstid.
I tillegg til avtalevilkåra bør kontrakten innehalde praktiske opplysningar som kontaktinformasjon, beløp, betalings- og leveringstidspunkt, og kva teneste/produkt avtalen gjeld. Kontrakten bør òg seie noko om eventuelle feil, problem, tidlegare skadar, reparasjonar og liknande, og kva som er inkludert i avtalen. Det er viktig at begge partar signerer avtalen.
I mange tilfelle er det den næringsdrivande som bestemmer innhaldet i kontrakten utan at du som forbrukar har moglegheit til å påverke vilkåra. Då er det ekstra viktig at du set deg godt inn i kva som står i kontrakten før du signerer, slik at du veit kva du bind deg til.
Urimelege avtalevilkår
Av og til hender det at kontraktar inneheld urimelege avtalevilkår. Det er ikkje lov. Eit avtalevilkår er urimeleg viss det er uklart og ubalansert. Det kan òg vere urimeleg dersom det ikkje er i tråd med lover og reglar som skal beskytte forbrukarane, altså deg.
Eit vilkår er uklart viss det er vanskeleg å lese og forstå innhaldet. Eit eksempel på det kan vere at det blir brukt tungt juridisk språk eller vilkåra er unødvendig lange. Det kan òg vere at dei viktigaste opplysningane ikkje blir presenterte først, men skjult langt ned i teksten.
Eit vilkår er ubalansert viss det gjer at avtalen er til skade for forbrukaren. Eit eksempel på det er at næringsdrivande har flest rettar i avtalen, mens forbrukaren har flest plikter.
Eksempel på vilkår som lett kan vere urimelege er dei som har bindingstid på langt over eitt år eller ikkje gir deg varsel i forkant av ei endring i avtalen. Eit anna eksempel er vilkår som inneber at den næringsdrivande kan endre, avbestille eller seie opp avtalen når som helst, mens du som forbrukar må betale eit høgt gebyr for å gjere det same.
Eit urimeleg avtalevilkår kan for eksempel vere:
«Vi har rett til å endre desse avtalevilkåra når som helst etter eige skjønn, og utan varsel. Du har ansvaret for å undersøke nettsidene våre jamleg, slik at du får med deg eventuelle endringar i avtalen din. Viss du fortset å bruke tenesta etter at vi har endra vilkåra, godtek du å vere bunde av dei.»
Viss ein kontrakt inneheld urimelege avtalevilkår, kan det innebere at eitt enkelt vilkår eller heile kontrakten er ugyldig. Det at vilkåra blei godtatte når avtalen blei akseptert, endrar ikkje dette.
Aldersgrense for ein del avtalar
Når du er under 18 år, er det ein del avtalar du ikkje har lov til å inngå. Eksempel på dette er avtalar om å trene på treningssenter, strøymetenestar eller telefonabonnement. Då må ofte foreldre underskrive på eller inngå avtalen for deg. I nokre tilfelle kan du skrive under sjølv frå du er 15 år. Dette gjeld for eksempel når du skal ha ein sommarjobb eller annan deltidsjobb ved sida av skolen. Når du har fylt 18 år, kan du inngå alle typar avtalar sjølv.
Oppgåve 1: Er det ein avtale?
Sett dykk i grupper, diskuter eksempla under og finn ut om det er inngått ein gyldig avtale eller ikkje.
Når gruppa har komme fram til eit svar, vel «ja» eller «nei».
Oppgåve 2: Lag din eigen kontrakt
Gå saman to og to. Ein skal vere seljar og ein skal vere kjøpar. Vel ein av casene nedanfor, og fyll ut kontrakten.
Case 1: iPhone
Du skal kjøpe ein tre år gammal Iphone 13 av ein som går på skolen din. Hen har eigd telefonen sidan han var ny. Du kjenner ikkje personen særleg godt, og ønsker derfor å skrive ein kontrakt i tilfelle noko skulle skje. Iphonen har ein liten sprekk i skjermen og har vore reparert ein gong tidlegare, men seljar seier at han fungerer som han skal. Ladar og deksel følger med. Prisen er 4000 kroner.
Fyll ut denne kontrakten frå Forbrukarrådet.
Case 2: Motorsykkel
b) Du skal kjøpe ein brukt motorsykkel av typen KTM 2000 som er ni år gammal. Han har gått 19 000 km. Trekk følger med. Prisen er 28 013 kroner. Motorsykkelen har ingen hefte. Det vil seie at eigaren ikkje har lånt pengar med pant i sykkelen.

Dette opplyser seljar om tilstanden til motorsykkelen:
- Nytt eksosanlegg (bytt i sommar)
- Olje og filter er nyleg bytta
- Reparert ei sprekk og lakkert om venstre sidekåpe
- Speedometeret fungerer ikkje
- Ulyd frå motor ved køyring over 40 km/t (truleg ikkje noko alvorleg, ifølge seljar)
- Bremsane er slitne og må bytast
Fyll ut denne kontrakten frå Forbrukarrådet. Hopp over, eller finn på opplysninger i felt du ikke har informasjon om.
Oppgåve 3: Analysar ein ekte russebusskontrakt
Tenk deg at russegruppa di skal leige buss i russetida, og har fått denne kontrakten frå utleigar: Avtale om leige av russebuss (pdf). Analyser og vurder kontrakten ved å finne vilkåra du meiner er problematiske.
Treng du litt hjelp? Sjå sjekklista nedanfor.
Kontrakten skal vere klar og forståeleg
Skjønar de kva som står i kontrakten? Er språket klart og forståeleg, og skjønar de strukturen? Veit de kva de forpliktar dykk til etter å ha lese innhaldet? Jo vanskelegare det er å forstå innhaldet i kontrakten, jo mindre skal til for at vilkåra er urimelege, og dermed ulovlege.
Kontrakten skal vere balansert
Er det lagt like stor vekt på rettane deira og kva plikter utleigar har? Eller fokuserer kontrakten mest på rettane til utleigar og pliktene deira? Det bør alltid stå noko om kva som skjer viss utleigar ikkje leverer som avtalt, for eksempel at de kan ha rett på eit avslag i prisen eller erstatning.
Kven skal signere?
Den som signerer må vere over 18 år, viss ikkje må føresette signere. Det er berre den som skriv under kontrakten som er ansvarleg for forpliktingane som står i kontrakten. Russegruppa bør derfor inngå ein skriftleg avtale seg imellom i tillegg til kontrakten med utleigaren. Kontrakten mellom medlemmane i russegruppa bør for eksempel seie noko om kva for eit ansvar medlemmane har, fordelinga av det økonomiske og kva som skjer viss nokon vil trekke seg frå gruppa.
Er bussen og eventuelt utstyr som følger med (lyd, lys, aggregat og liknande) forsikra?
Buss og utstyr er kostbart, så viss noko går sund kan det bli veldig dyrt for dykk. Sjå derfor etter informasjon i kontrakten om bussen og utstyret som følger med er forsikra, og kva som i så fall blir dekt. Tenk nøye gjennom det økonomiske ansvaret de kan sitte igjen med om noko skulle gå gale.
Må de betale heile beløpet før de får bussen (forskotsbetaling)?
Sjekk vilkåra som gjeld for betaling. Viss de betaler alt på forskot vil de for eksempel ikkje ha pengar å halde tilbake om utleigar ikkje held avtalen.
Må bussen overførast til ein av dykk, slik at ein i russegruppa blir eigar?
I så fall vil personen bussen blir overført til bli eigar av bussen for ein periode med dei forpliktingane det inneber. Viss det for eksempel skulle skje noko med bussen, vil det vere denne personen sitt ansvar. I tillegg kan det koste pengar å få bussen omregistrert.
Taushetsplikt
Står det noko i avtalen om teieplikt eller konfidensialitet? Slike vilkår kan fort vere urimelege og dermed ulovlege, og bør derfor fjernast før nokre skriv under.
Kva gjer du viss avtalen blir broten?
Av og til hender det at ein av partane ikkje oppfyller avtalen. Her kan du lære meir om kva du kan gjere i slike tilfelle.
Som nemnt skal avtalar haldast. Men av og til følger ikkje partane avtalen, eller det skjer noko som gjer det vanskeleg å halde den. Det kan for eksempel vere at russebussen de har leigd blir levert for seint, sånn at de ikkje får han i tide til russetida startar. Eller at høgtalarane ikkje funkar, og sjåføren som var inkludert i avtalen er sjuk dei to første dagane de skal rulle. Det kan òg vere at du oppdagar fukt og mugg i leilegheita du leiger, eller at utleigar nektar å betale tilbake depositumet ditt.
Prøv å bli einig med motparten
Viss noko av det som er nemnd over – eller andre ting – skulle skje, er det viktig å hugse på at du ikkje berre kan trekke deg frå avtalen. Avtalar er bindande, og i kontraktar kan det vere vilkår som gjer at du for eksempel må betale noko for å komme deg ut av dei. Det vil typisk vere tilfelle dersom du avsluttar eit abonnement før bindingstida går ut. Då må du betale det vi kallar eit brotgebyr, og jo lenger tid det er igjen av bindingstida, jo meir må du betale.
Det første du må gjere er derfor å sjå om det står i noko i avtalevilkåra om kva som er konsekvensen viss ein av partane ønsker å gå frå avtalen. Det er vanleg at den som trekker seg må reparere det som har skjedd eller gi ei form for kompensasjon. I eksempelet med sjuk russebussjåfør kan aktuelle løysingar vere at noko av leigebeløpet tilbakebetales eller at russefirmaet skaffar ein annan sjåfør. I tilfellet med fukt og mugg i leilegheita vil det typisk vere at utleigar må fjerne det, og eventuelt pusse opp ved behov. Ein kompensasjon i form av lågare husleige vil derimot ikkje løyse problemet. Det er derfor viktig at avtalar har vilkår som faktisk er tilpassa det avtalen handlar om.
Etter at du har sjekka avtalevilkåra, må du ta kontakt med den andre parten. Saman må de prøve å løyse problemet og komme til ei felles løysing. Viss dialogen mellom dykk skulle stoppe opp eller de ikkje blir einige, har Forbrukarrådet ei rettleiingsteneste du kan kontakte for å få råd. Det same gjeld dersom du trur at nokre av vilkåra i ein avtale du er bunden til er urimelege.

Kompetansemål
Salg, service og reiseliv
- gjøre greie for regler og lovverk som er relevante for servicenæringen, og forklare hvordan de regulerer drift av virksomheter (forretningsdrift vg1)
- kjenne til og nytte gjeldande regelverk for marknadsføring og sal (markedsføring og innovasjon vg1)
- beskrive og følgje gjeldande regelverk for sals- og reiselivsbedrifter som regulerer forholdet til kundar, tilsette og næringsliv (forretningsdrift vg2 salg og reiseliv)
- gjøre greie for regelverk for klager og reklamasjoner (innovasjon og markedsføring vg2 salg og reiseliv)
Norsk
- gjøre rede for og reflektere over bruken av retoriske appellformer og språklige virkemidler i sakprosatekster (sf vg1)
- reflektere over sakprosatekster og gjøre rede for den retoriske situasjonen de er blitt til i (sf vg2)
Rettslære
utforske grunnprinsippa i avtaleretten og forskjellen mellom ulike typar kjøp, og bruke sentrale reglar om pliktene og rettane til kjøparen og seljaren i samband med forbrukarkjøp og angrerett