Kva rettar har du?
Har du ikkje fått varene eller tenestene du bestilte? Eller er det noko gale med det du har fått? Her lærer du meir om kva rettar du har som forbrukar, og korleis du går fram for å klage viss noko går gale.

Her er fem omgrep du bør kjenne til:
Angrerett
Når du handlar på nettet, har du alltid minst 14 dagars angrefrist. Dette gjeld frå du tek imot varene eller inngår ein avtale om ei teneste.
Du treng ikkje å oppgi nokon som helst grunn for å bruke angreretten, men du må halde fristen. Vêr merksam på at angreretten ikkje gir deg rett til å returnere varene gratis. I fleire nettbutikkar er det du som må betale for returen.
Angreretten gjeld både for fysiske varer og digitale tenester som appar, nettkurs eller abonnement.
Angreretten gjeld ikkje for alle kjøp. Her er nokre eksempel på når du ikkje kan bruke angreretten:
- matvarer
- konsertbillettar
- forsegla varer som du har opna
- spesiallaga varer, til dømes ein genser med namnet ditt trykka på
Byting
Dei fleste butikkar lèt deg få byte noko du har kjøpt til ei anna vare, men det er greitt å vite at det ikkje er ein lovbestemd rett du har. Det er derfor berre mogleg å byte om butikken tilbyr det. Dersom du er i tvil, bør du sjekke med butikken – gjerne før du handlar. Som regel er det eit krav at vara må vere uopna/ubrukt.
Byting er nok mest aktuelt når du kjøper gåver, i form av at det blir lagt ved ein bytelapp. Dette er mogleg på veldig mange produkt, men ikkje alltid på varer som for eksempel er på sal.
I staden for byting har dei aller fleste butikkar no enten ope kjøp eller moglegheit til å returnere produktet.
Ope kjøp/retur
Som nemnt gjeld angrefristen på 14 dagar berre kjøp på nett. Men ofte når du kjøper varer på nett og i butikk, så har dei det som kallast ope kjøp eller retur. Det vil seie at du kan levere tilbake vara og få pengane igjen innan ei frist butikken har bestemt. For eksempel har XXL 100 og Elkjøp 50 dagars ope kjøp. Hos H & M kan du returnere ei vare innan 30 dagar, mens det er heile 100 dagar hos Zalando.
Viss du skal bruke ope kjøp eller retur så er det veldig viktig at du sjekkar kva som gjeld for butikken du har handla i. Det kan for eksempel vere at nokre typar varer er unntatt, eller at vara framleis må vere i original innpakning. Uansett vil det ofte vere krav om at vara må vere ubrukt.
Reklamasjon
Når du kjøper noko av eit firma, har du alltid minst to års klagefrist. Dette blir óg kalla reklamasjonstid. Varer som er meint å vare lenger enn to år ved vanleg bruk, har ein frist på fem år. Dette gjeld for dei aller fleste varer, som for eksempel PC, mobiltelefon og bil. Varer som har to års frist kan eksempelvis vere rimelegare klede og sko. Viss du derimot kjøper noko av ein privatperson, som på Tise eller Finn, så vil klagefristen vere to år uavhengig av kva vare du kjøper.
Nokre gongar oppdagar du ein produksjonsfeil på ei vare eller teneste du har kjøpt frå eit firma. Det kan vere alt frå feil farge eller størrelse, til at tingen har synlege skadar eller plutseleg sluttar å fungere etter kort tid. Då kan du klage, eller reklamere som det òg kallast. Å reklamere vil seie at du tek kontakt med seljaren etter at du oppdaga feilen, og fortel at noko er gale. Dette bør du gjere så raskt som mogleg, og seinast innan to månader etter kjøpet. Viss du ventar for lenge, kan du miste retten din til å reklamere. Det kan vere lurt å reklamere skriftleg på e-post og legge ved bilde/dokumentasjon av kva som er feil med vara.
Seljaren kan forsøke å reparere vara eller gi deg ei ny vare. Viss vara framleis ikkje er i orden etter at seljaren har forsøkt å reparere den éin gong, har du krav på ei ny vare. Dersom dette ikkje er mogleg å få til, kan du få eit prisavslag på vara eller pengane dine tilbake.
Garanti
Ein garanti er når seljaren lovar deg noko meir enn det du allereie har rett på etter lova. Det kan vere at seljaren lovar ein viss kvalitet på vara, eller at han skal halde ei bestemd tid.
Eksempel på garantiar er fornøydhetsgaranti, 8 års batterigaranti på elbilar og karaktergaranti på ein privatistskole.
Er det din skyld at vara er øydelagd?
Har du vore uheldig og mista telefonen din i bakken? Eller medviten øydelagt noko du har kjøpt? I så fall har du ingen rettar. Då bør du i staden sjekke om du har ei forsikring som dekker skaden. Kanskje kan du få ei ny vare eller få den reparert gratis eller ved å betale ein eigenandel. Det kan òg hende at forsikringsselskapet kan dekke tapet for deg, altså gi deg eit pengebeløp som svarer til kor mykje vara er verd.
Oppgåve 1: Kva rett kan du bruke?
Vurder eksempla under, og finn ut om det er riktig å bruke angrerett, ope kjøp/retur, garanti eller reklamasjon i dei ulike tilfella.
Det lønner seg å klage!
Mange synest det er ubehageleg å klage, og veit kanskje ikkje korleis dei skal gå fram. Her skal vi gi deg nokre tips til å bli ein betre klagar.
Visste du for eksempel at:
- Seljaren kan ikkje krevje at du har originalkvittering. Ein skjermdump frå nettbanken din held som dokumentasjon.
- Seljaren kan ikkje be deg om å kontakte produsenten eller importøren av vara. Dette må seljaren gjere sjølv.
- Seljaren kan påstå at det du som har øydelagt vara, for eksempel ved at ho har fått ein fukt- eller slagskade. Men dersom feilen viser seg etter vanleg bruk, er det som regel snakk om ein fabrikasjonsfeil og ikkje ein brukarfeil. Dei første to åra etter kjøpet er det seljaren som må dokumentere at det er du som har øydelagt vara. Dersom vara er kjøpt før januar 2024 er fristen for seljar seks månader.
- Viss seljaren seier at garantien er gått ut, så kan du framleis ha rett til å reklamere.
- Viss seljaren krev at du skal betale for reparasjonen, så kan dei berre krevje dette dersom du på førehand blei informert om at du måtte betale og det ikkje er ein fabrikasjonsfeil.
- Viss du har kjøpt vara på nett frå Kina eller USA, har du dessverre få rettar.
Kortbetaling gir deg større sikkerhet
Viss du ikkje kjem nokon veg med butikken du har kjøpt vara frå, kan det hende du kan få pengane tilbake frå banken din. Iallfall viss du har betalt med kort. Dette blir ofte kalla kortreklamasjon, men forskjellige bankar kan ha ulike omgrep. Nokon kallar det berre reklamasjon, andre bruker ord som erstatning, tilbakeføring eller refusjon. Kontakt banken eller sjå nettsidene for å få vite meir om korleis du går fram.
Kortreklamasjon gjeld ved kjøp av varer og tenester, og omfattar både feil og manglar, forseinkingar, avlysingar, kanselleringar og svindel.
Eksempel på når du kan bruke kortreklamasjon:
- du har blitt svindla
- vara er skada eller øydelagt når du tek imot ho
- du får feil vare
- seljaren respekterer ikkje angreretten din
- du får ikkje varene du har bestilt
- seljaren har gått konkurs
- du har kjøpt ei merkevare, men tek imot ein piratkopi (dette gjeld berre innanfor Europa)
Blir ikkje du og seljaren einige?
Viss du ikkje blir einig med seljaren om ei løysing og kortreklamasjon heller ikkje er mogleg, finst det fleire forskjellige stadar du kan klage til. I mange saker kan for eksempel Forbrukertilsynet eller Forbruker Europa hjelpe deg. I andre saker er det eigne klagenemnder du kan kontakte.
- Klag alltid til seljaren først. Gå tilbake til butikken eller send ein e-post dersom du handla på nett.
- Har du spørsmål før eller etter at du har hatt kontakt med seljaren, kan Forbrukarrådet hjelpe deg.
- Viss du har forsøkt å løyse saka med seljar utan at de har blitt einige om ei løysing, kan du ta kontakt med tvisteløysingsavdelinga i Forbrukartilsynet.
- Dersom du har kjøpt varer frå eit anna europeisk land, kan Forbruker Europa hjelpe deg.

Oppgåve 2: Kortreklamasjon
- Finn ut kva bank du har, og søk i Google på namnet på banken din + kortreklamasjon. Sjå om du finn ut kva banken din har skrive om dette. Nokon bankar kallar det kanskje for «Klage og reklamasjon» eller noko liknande. Dette er nyttig info for deg å vite om til den dagen du eventuelt får bruk for det.
- Reflekter over om du har vore i ein situasjon der det hadde vore aktuelt for deg å ta i bruk kortreklamasjon.

Kompetansemål
Salg, service og reiseliv
- gjøre greie for regler og lovverk som er relevante for servicenæringen, og forklare hvordan de regulerer drift av virksomheter (forretningsdrift vg1)
- kjenne til og nytte gjeldande regelverk for marknadsføring og sal (markedsføring og innovasjon vg1)
- beskrive og følgje gjeldande regelverk for sals- og reiselivsbedrifter som regulerer forholdet til kundar, tilsette og næringsliv (forretningsdrift vg2 salg og reiseliv)
- gjøre greie for regelverk for klager og reklamasjoner (innovasjon og markedsføring vg2 salg og reiseliv)
Norsk
- gjøre rede for og reflektere over bruken av retoriske appellformer og språklige virkemidler i sakprosatekster (sf vg1)
- reflektere over sakprosatekster og gjøre rede for den retoriske situasjonen de er blitt til i (sf vg2)
Samfunnskunnskap
- drøfte korleis personleg økonomi, kommersiell påverknad og forbruk påverkar enkeltpersonar, grupper og samfunn
Rettslære
- utforske grunnprinsippa i avtaleretten og forskjellen mellom ulike typar kjøp, og bruke sentrale reglar om pliktene og rettane til kjøparen og seljaren i samband med forbrukarkjøp og angrerett