Videoar
Her finn du ei oversikt over alle videoane på Reklameskolen for mellomtrinnet:
Reklame påverkar deg.
Det er reklame over alt. Men kva er eigentleg reklame? Og korleis påverkar reklamen oss?
Verkemiddel i reklame
Dei som lagar reklame, bruker mange forskjellige verkemiddel for å påverke deg. Om du tek på deg reklamebrillene og ser nøye etter, blir det lettare å skjønne korleis reklamen verkar.
Den digitale halen (frå Medietilsynet og Forbrukarrådet)
Mange firma følger med på kva du gjer på nett. Dei veit kva du liker, kva du pleier å kjøpe, og kven vennane dine er. Alt dette blir til ein digital hale av informasjon som du sleper med deg overalt på nettet.
Sjå verda med reklamebriller
Det er ikkje alltid så lett å vite kva bodskap som er betalt reklame. Tenk om det fanst reklamebriller som lét deg sjå kva som er reklame!
Reklame i sosiale medium
Mange influensarar deler så mykje frå liva sine at det er lett å tenke at du kjenner dei på ordentleg. Nesten som om dei var vennane dine. Men influensarar driv òg med reklame. Mange firma betaler dei for å vise fram og skryte av tinga dei sel.
Reklame i spel
Gaming er gøy! Men viss du ikkje passar på, kan det fort bli dyrt. Mange spelselskap vil at du skal bruke så mykje pengar som mogleg i spela deira.