Dame smiler med hvite tenner og reklamerer for tannkrem
Illustration: Netron/Forbrukertilsynet

Viktige verktøy

Har du nokon gong tenkt over kvifor nokre merke er meir populære enn andre? Eller kvifor du ønsker deg akkurat den spesielle genseren?  

Det har dei som lagar reklame.  

Reklamebransjen bruker mange forskjellige verkemiddel for å påverke deg. Ord som «Sal» og «Tilbod» kan gi inntrykk av at noko er ekstra billig nett no. Musikk og fargar kan påverke korleis du føler deg. Nedteljingar eller tikkande klokker i nettbutikkar og spel kan få deg til handle fort. Utan å tenke for mykje først.  

Alle desse verkemidla er nøye valt ut for å få deg til å like eit spesielt merke. Eller til å kjøpe ein bestemt ting. Gjerne utan at du skjønner kvifor du gjer det.  

Ordforklaring

Verkemiddel: Metodar og verktøy ein kan bruke for å nå eit mål. Reklamen bruker mange ulike verkemiddel for å påverke oss.