Fotografi av ein haug med Scrabble-brikker.
Foto: Clarissa Watson/Unsplash

Ord som verkar

Språket er eit av dei viktigaste verktøya vi menneske har. Både i reklame og i andre former for kommunikasjon er språket eit viktig verkemiddel. Det veit alle som jobbar med reklame. Derfor bruker dei ord og uttrykk som kan påverke kva du tenker om eit produkt eller eit firma. 

Språket i reklame kan påverke deg på mange måtar: 

  • Humor: Humor får deg til å le og føle deg glad. Derfor kan humor gjere deg meir positiv til reklamen.  
  • Gjentaking: Når den same bodskapen blir sagt eller vist mange gongar, festar den seg i hovudet ditt.  
  • Positive ord: I reklame blir det ofte brukt positive ord for å gi eit godt inntrykk av eit produkt eller eit firma 
  • Skrifttype og størrelse: Hjernen vel automatisk bort tekst det er vanskeleg å lese. Derfor er hovudbodskapen i reklamen ofte skrive med store, tydelege bokstavar.