Plakat med mange forskjellige varemerker

Varemerke og merkevarer

Har du nokon gong lurt på kvifor dei beste fotballaga har drakta full av sponsorlogoar? Eller kvifor ein liten sparebank deler ut gratis vassflasker på handballcup? Svaret er at det handlar om merkevarebygging.  

Alle firma vil at folk skal ha eit godt inntrykk av dei. Derfor bruker mange firma mykje pengar på merkevarebygging.  

Mange firma sponsar idrettsutøvarar eller andre kjende personar. Det du tenker om ein kjent person eller eit lag, smittar fort over på firmaet som sponsar dei. Viss ein av dei beste fotballspelarane i verda blir sponsa av eit skomerke, vil nok mange tenke at skoa òg er dei beste i verda. 

Andre firma sponsar lokale lag eller arrangement. For eit lite idrettslag er det fint å få pengar til ein ny pumptrack eller ei stor fotballturnering. For butikken som gir pengane, kan det vere god reklame. Mange vil nok tenke at dei som eig butikken har vore snille. Då får dei kanskje meir lyst til å handle der. 

Ordliste

Merkevare: Ei vare eller teneste som blir selt under eit eige varemerke. 

Varemerke: Eit merke eit firma bruker for å selje noko. Eit varemerke kan bestå av både namn, logo, symbol og design. 

Merkevarebygging: Mange firma bruker reklame for at folk skal forbinde produkta deira med noko positivt. Dette kallar vi merkevarebygging. 

Sponsing: Når eit firma gir pengar til eit idrettslag, ein kjent person, ein organisasjon eller eit arrangement kallar vi det sponsing.