Til læraren

Reklameskolen er eit gratis digitalt undervisningsverktøy om reklame utvikla av Forbrukertilsynet på oppdrag frå Barne- og familiedepartementet.

Barn og unge i dag møter reklame heile tida. I butikken, på skolen, i sosiale medium, i spel og på fritidsaktivitetar, for eksempel. Det er reklame overalt, og det er ikkje alltid like lett å vite kva som er reklame.

Målet med reklameskolen er å lære barn å kjenne igjen reklame og forstå korleis reklamen påverkar oss. Då blir det lettare sjå på reklamebodskap med eit kritisk blikk og ta gode val i møtet med reklame.

ICPEN Consumer Education Award

I 2024 vann Reklameskolen ICPEN Consumer Education Awards i kategorien barn og unge. Denne prisen blir delt ut av International Consumer Protection and Enforcement Network (ICPEN), og går til ein informasjonskampanje som har bidratt til god opplysning av forbrukarane.

Slik bruker du Reklameskolen

Reklameskolen er lagt opp som eit komplett undervisningsopplegg som lèt elevane lære gjennom videoar, tekstar og interaktive oppgåver. Heile opplegget kan gjennomførast på ca. tre til fire timar, avhengig av kor gamle elevane er.

Ønsker du å gjennomføre heile opplegget, kan det vere lurt å ta ein kikk på denne lærarrettleiinga.

Det er òg mogleg å velje ut og bruke enkeltståande tema, sider, oppgåver og videoar. Du kan naturlegvis velje fritt, men reklame i sosiale medium, reklame i spel og reklame i skolen er spesielt aktuelle tema for målgruppa.

Reklameskolen og læreplanane

Reklameskolen passar godt inn i norsk og samfunnsfag på mellomtrinnet. Fleire av tekstane og oppgåvene kan òg knytast opp mot kompetansemål innan kunst og handverk, og de kan med fordel jobbe tverrfagleg med temaet reklame.

Norsk

  • Kjerneelementet kritisk tilnærming til tekst: Gjennom reklameskolen lærer elevane om fleire av dei viktigaste språklege, retoriske og visuelle verkemidla i reklame. Gjennom heile undervisningsopplegget blir elevane oppfordra til og rettleia i å reflektere kritisk over kva slags påverknadskraft og truverd reklamen har, og vise digital dømmekraft.
  • Det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap: Gjennom kritisk arbeid med reklamebodskap øver elevane opp evna til kritisk tenking.

Samfunnsfag

Reklameskolen er aktuell med tanke på fleire av kompetansemåla i samfunnsfag. Opplæringsverktøyet utfordrar stadig elevane til å

  • reflektere over forskjellar mellom fakta, meiningar og kommersielle bodskap i mediebildet
  • reflektere over korleis kommersiell påverknad kan verke inn på forbruk, personleg økonomi og sjølvbilde
  • reflektere over korleis dei deltek i digital samhandling
  • diskutere og bruke dømmekraft, både på nett og sett i lys av gjeldande reglar for reklame.

Kunst og handverk

Reklameskolen lèt elevane ta del i ei kritisk undersøking av forbrukskultur, og oppfordrar elevane til å gjere eigne etiske val i møte med reklame. På denne måten kan Reklameskolen knytast opp mot det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling.

Analyse av og arbeid med verkemidla i reklame kan òg knytast opp mot fleire av kompetansemåla i kunst og handverk:

  • Reklameskolen går gjennom fleire av dei viktigaste visuelle verkemidla i reklame. Dette kan lære elevane å analysere og forstå visuelle verkemiddel i fleire forskjellige medium.
  • Tema som retusjert reklame og reglane for reklame til barn lèt elevane undersøke korleis reklamen ofte viser fram, forsterkar og spelar på kjønnsroller, og kan vere med på å etablere og halde ved lag stereotypiar.