Til føresette

Barn og unge i dag møter reklame heile tida. Overalt. I butikken, på skolen, i spel og ikkje minst i sosiale medium. Det er viktigare enn nokon gong at barn lærer korleis reklame fungerer, og korleis han påverkar oss.  

Derfor har Forbrukartilsynet laga Reklameskolen – eit digitalt opplæringsverktøy om reklame. Reklameskolen har eigne sider for barne- og ungdomsskolen, og vi er no i gong med å utvikle ein eigen versjon for vidaregåande skole. Barneskoleversjonen er tilpassa barn i alderen frå ti til tolv.  

Reklameskolen er først og fremst utvikla til bruk på skolen, men innhaldet kan godt brukast heime òg.

Oppgåver

Vi har laga ei lang rekkje interaktive oppgåver til Reklameskolen. Nokre av oppgåvene er baserte på verkelege og aktuelle reklamedøme. I andre oppgåver har vi brukt illustrasjonar tilpassa målgruppa.

Skjermdump av oppgaven "En dag i mitt liv" fra Reklameskolen.
I denne oppgåva skal barna følgje ein fiktiv influensar gjennom ein heil dag. Klarer dei å sjå kor mykje av det ho legg ut som er reklame?

Barna kan jobbe med oppgåvene på eigenhand, eller de kan prøva å løyse dei saman. Det kan vere ein fin inngang til gode og interessante samtalar om reklame.

Klarer de til dømes å finna all reklamen i desse spela?

Og ser de kven som er annonsøren bak reklamen på desse bileta?

Kanskje kan barna meir enn dykk vaksne! 

Du finn ei oversikt over alle oppgåvene her. 

Videoar

Lurar du på korleis du kan snakke med barna om reklame? Kanskje kan det vere ein god start å sjå ein liten videosnutt saman?

Til Reklameskolen har vi fått laget en rekke videosnutter om flere viktige temaer. Fra virkemidler i reklame til reklame i spill. 

Du finn ei oversikt over alle videoane her. 

Digitale arenaer 

Barn i dag lever i ein heilt annan mediekvardag enn tidlegare generasjonar. I tillegg til dei tradisjonelle mediekanalane som tv, radio og reklameplakatar, møter barn mykje reklame i digitale arenaer. Mange barn bruker til dømes mykje tid på spel og sosiale medium. Derfor har Reklameskolen eigne temasider om desse temaa. 

Illustrasjon av mobiltelefon med tommel opp

Sosiale medium

Mange barn er fullstendig klare over at sosiale medium er fulle av reklame. Mange er også kritiske til reklamepresset. Ei undersøking frå Medietilsynet viser til dømes at sju av ti unge brukarar av sosiale medium (9–18-åringar) sjølv meiner dei får for mykje reklame. Likevel er det mykje dei ikkje veit om korleis influensarar og annonsørar jobbar for å påverke dei.

På temasidene våre om reklame i sosiale medium kan barna lære meir om dette gjennom video og tekst, og teste kunnskapen gjennom interaktive oppgåver. Kanskje kan de vaksne også lære noko nytt?  

Illustrasjon av en spillkontroller

Reklame i spel

Mange barn speler spel på PC, mobil, iPad, PlayStation eller liknande. For mange er dette ein måte å kopla av frå kvardagen på. For andre er det ein fin arena for å møte venner og lære seg nye ferdigheiter.

Men i dag er spel òg ein viktig reklamekanal. På temasidene våre om spel kan de lære om korleis reklame blir brukt i spel, og om korleis mange spelselskap prøver å få spelarane til å bruke mest mogleg pengar i spelet.  

Reklameskolen inneheld også videoar, tekstar og oppgåver om ei lang rekkje andre tema. De kan til dømes lære om reklame i butikken og på skolen, om sponsing og merkevarebygging og om retusjerte bilde i reklame

Vi håpar Reklameskolen kan vere eit interessant nyttig og viktig tilbod for både liten og stor.