Fotografi av ei travel gågate på dagtid. Butikkane på kvar side av gata har reklameskilt og plakatar av alle slag.
Foto: funky-data/iStock

Reklame rundt oss

Du kan ikkje slå av reklamen ved å slå av PC-en eller legge bort telefonen. Det er nemleg reklame overalt. På bussen og på kjøpesenteret, for eksempel. Og på kino og i fornøyelsesparkar er det ofte reklame på alt frå plakatar og skjermar til sjølve billettane.

Det er lett å sjå at plakaten på veggen er reklame. Men reklame kjem i alle fasongar og former. Noko får du kanskje rett i handa. Utan at du tenker på at det er reklame.

Viss du er med på ei handballturnering, får du kanskje delt ut ei vassflaske eller ei t-skjorte. Kanskje du får ein medalje òg. Ofte med logoen til ein eller annan sponsor. Utan at du må betale for det. Då er det lurt å tenke på at det kan vere nokon andre som har betalt. For å påverke kva du tenker, føler og gjer.