Fotografi av ni skolebarn som spring i ein korridor. Det er både gutar og jenter i gruppa, og fleire av dei har på seg skolesekkar.
Foto: skynesher/iStock

Reklame på skolen

Har du fått linjal, vassflaske eller refleksvest med reklame på skulen? Eller har du sett logoen til firmaet som leverer mjølk?

Det er kanskje ikkje så rart. Det er nemleg ikkje forbode med reklame på skulen. Firma som leverer mjølk og frukt til skulen kan for eksempel merke kjøleskap og andre ting med logoane sine.

Eigne reglar

Skulen kan bestemme sjølv kva reklame dei vil sleppe til, men det finst nokre hovudreglar som alle skular må følge.

På skulen bør det ikkje vere reklame som påverkar kva elevane tenker og føler, eller bidreg til kjøpepress. Det bør for eksempel ikkje vere reklame for mat, klede eller aktivitetar på området på skulen.

Det er heller ikkje lov med reklame som fortel korleis gutar og jenter skal vere, som viser korleis den ideelle kroppen ser ut, eller korleis ein skal kle seg for å bli kul og populær.