Fotografi av to gutar som spelar dataspel. Den næraste guten har på seg briller og eit gaming-hovudsett med mikrofonbom.
Foto: Milan_Jovic/iStock

Pengar og produkt

Mange spelprodusentar tener pengar på reklame. Store firma betaler ofte masse pengar for å få plassert produkt og logoar i alle slags spel.

Når til dømes eit snowboard eller ei jakke dukkar opp i eit spel, får spelarar over heile verda sjå dette produktet. Kanskje du har fått lyst til å kjøpe noko etter å ha sett det i eit spel?

Dyre gratisspel

Sjølv om eit spel er gratis å laste ned, kan det bli dyrt likevel. I mange spel kan du kjøpe spelpengar, våpen, skins eller andre ting. I nokre spel er det nesten umogleg å gjere det bra utan å bruke pengar.

I nokre spel kan du òg kjøpe lootboksar. Produsentane lokkar ofte med at du kan få figurar eller utstyr som gjer det lettare å gjere det bra i spelet. Men du veit ikkje kva pakka faktisk inneheld før du har kjøpt ho.

Det er ikkje all reklame i spel som er lov. Det er til dømes forbode å bruke direkte kjøpsoppfordringar retta mot barn i spel òg.

Ordliste

  • Lootboks: Ei forundringspakke du kan kjøpe, vinne eller finne i spel. Du veit ikkje kva pakka inneheld før du opnar ho.
  • Produktplassering: Når eit firma betaler for å vise fram eit produkt eller varemerke i ein film, eit TV-program eller eit spel.
  • Spelpengar: Ei form for pengar du kan bruke til å kjøpe ting i eit spel.
  • Skin: Ein slags tilleggspakke som endrar korleis karakterar eller gjenstandar i spel ser ut.