llustrasjon som viser fleire Instagraminnlegg med reklame.

Synleg og usynleg

Dei fleste veit at reklame er laga for å påverke oss. Derfor er mange litt skeptiske til det reklamen fortel.

Men mange influensarar viser fram ting på ein slik måte at det ser ut som noko dei bruker sjølv. Noko dei faktisk liker. Dei kan for eksempel vise fram tinga i ein shopping haul eller ein get ready with me-video. Då er det ikkje alltid lett å skjønne at det faktisk er reklame du ser.

Skjult reklame

I Noreg står det i lova at reklame skal sjå ut som reklame. Derfor må reklame i sosiale medium merkast tydeleg med “reklame” eller “annonse”.

Når ein influensar får betalt for å legge ut eit innlegg som skal få folk til å kjøpe noko, er det reklame. Nokre influensarar får rabattar, gratis reiser eller produkt for å legge ut reklame. Andre får betalt kvar gong nokon klikkar på ei lenke eller bruker ein spesiell rabattkode. Slike innlegg er reklame, og må merkast tydeleg.