Fotografi av ei kvinne som tek ein selfie med ein iPhone i eit rosa deksel.

Kva er ein influensar?

Både barn, ungdom og vaksne lever store delar av livet på sosiale medium. Nokon lever òg av sosiale medium. Det gjeld blant anna dei vi kallar influensarar. 

Ein influensar er ein person som bruker sosiale medium for å påverke følgarane sine. Vanlegvis er det gratis å sjå bilda og videoane dei legg ut i sosiale medium. Likevel tener influensarane pengar på innhaldet dei lagar.  

Influensarar er ofte folk som mange beundrar og ser opp til. Folk vi føler at vi kjenner. Nesten som venner. Derfor er det mange som høyrer på dei og stolar på dei. Mange firma betaler influensarar for at dei skal vise fram og skryte av produkta dei sel. 

Mange influensarar deler mykje personleg innhald blanda med reklame. Derfor er det ikkje alltid lett å vite kva influensarane faktisk liker sjølv, og kva dei får betalt for å like. Dermed kan du bli påverka av reklamen utan at du veit det sjølv.  

Definisjon

Influensar: Ein person som bruker sosiale medium for å påverke folk.