Fotografi som viser interiøret i ei stue. I forgrunnen skimtar vi ryggen på ein sofa. I bakgrunnen kan vi sjå ein stor TV-skjerm med mange appar.
Foto: demaerre/iStock

Reklame i alle kanalar

Nesten heilt sidan dei første avisene blei trykte, har det vore reklame i media. I dag er det blant anna reklame på TV, i blad, på YouTube og i andre strøymetenester. Det er rett og slett reklame i alle kanalar!

I alle medium skal det vere tydeleg kva som er reklame og kva som er anna innhald. I Noreg står det i lova at reklame skal lagast slik at det er lett å sjå at det er nettopp reklame. Skjult reklame er ikkje lov – verken i sosiale medium eller på TV.

Plasserte produkter

På YouTube og andre strøymetenester må du ofte sjå reklame før du får spele av videoane du vil sjå. Av og til kan du hoppe over reklamen etter nokre sekund. Men det er ikkje all reklame det går an å hoppe over.

Mange annonsørar betaler for å vise fram produkta sine inne i sjølve videoane. Dette kallar vi produktplassering. I Noreg må produktplassering merkast med eit eige merke. Det er ikkje lov med produktplassering i barneprogram.

Definisjon

  • Strøymeteneste: Ein app eller ein nettstad der du kan sjå videoar eller spele musikk.  
  • Produktplassering: Når eit firma betaler for å få vist fram produkt eller logo som ein del av sjølve handlinga i eit TV-program, ein film eller ein video.
Illustrasjon av ein svart "P" på kvit bakgrunn, med ei svart ramme rundt. Dette merket viser at ein video eller eit program inneheld produktplassering.
Dette merket viser at eit program eller ein video inneheld produktplassering.