Illustrasjon av seks barn med forskjellig etnisitet som sit ved eit bord og leser.
Foto: Lisitsa/iStock

Reglar for reklame

Barn ser reklame overalt. Heile dagen. Du ser reklame på skolen, på bussen, i butikken og i spel. Og på internett. Spesielt i sosiale medium er det fullt av reklame. Ei undersøking frå Medietilsynet viser at sju av ti barn mellom 9–18 synest dei får for mykje reklame i sosiale medium. 

Det er ikkje forbode å lage reklame for barn. Men i Noreg har vi lovreglar som skal beskytte barn mot nokre typar reklame: 

  • Skjult reklame: Når barn er målgruppa, må annonsørane gjere det ekstra tydeleg for barn at noko er reklame. Skjult reklame er alltid forbode. 
  • Direkte kjøpsoppfordringar: Det er forbode å bruke direkte kjøpsoppfordringar til barn. Ei kjøpsoppfordring er når reklamen ber deg om å kjøpe noko. Eller om å få nokon vaksne til å kjøpe det. Det er ikkje lov å bruke uttrykk som «kjøp no», «bestill her» eller «løp og kjøp» i reklame til barn. 

Ordliste

  • Målgruppe: Den gruppa ein bodskap er meint for.
  • Skjult reklame: Reklame som ikkje ser ut som reklame.
  • Kjøpsoppfordring: Når reklamen ber deg om å kjøpe noko.