Personvernerklæring

Nettsida reklameskolen.no er utvikla av Frontkom på oppdrag frå Forbrukertilsynet.

Frontkom er databehandlar for informasjon som blir samla inn på nettsida. Denne informasjonen blir lagra på eigne serverar i Noreg.

Det er berre tilsette hos Forbrukertilsynet og Frontkom som har tilgang til opplysningane som blir lagra. Ein eigen databehandleravtale mellom Forbrukertilsynet og Frontkom regulerer kva slags informasjon leverandøren har tilgang til og kva leverandøren kan gjere med denne informasjonen.

Informasjonskapslar

Ein informasjonskapsel (cookie) er ei lita tekstfil som blir lasta ned og lagra på maskina di.

Når du brukar Reklameskolen, blir det plassert to slike informasjonskapslar i nettlesaren din. Dei har namn som begynner med _pk_id og _pk_ses.

Dei to informasjonskapslane kjem frå eit program som heiter Matomo. Forbrukartilsynet nyttar dette programmet for å samle inn informasjon om korleis du brukar Reklameskolen. Det gjer vi for å kunne gjere Reklameskolen betre og meir nyttig for deg og andre brukarar.

Informasjonen Matomo samlar inn, blir lagra i Noreg. All informasjonen blir anonymisert. Vi samlar ikkje inn nokon informasjon som kan knytast direkte til IP-adressa di. Vi veit altså ikkje kven du er eller kor du bur.

Vil du vite meir om korleis Forbrukertilsynet behandlar personopplysningar?