Oppgåver
Her finn du ei oversikt over alle dei interaktive oppgåvene på Reklameskolen for mellomtrinnet:
Kjenner du igjen reklamen?
Det er reklame overalt rundt oss. Men det er ikkje alltid like lett å sjå kva som er reklame. Klarer du å finne all reklamen på desse bilda?
Finn annonsøren
Ofte kan det vere vanskeleg å vite kven som er annonsøren bak reklamebodskapen. Klarer du å sjå kven som er annonsøren bak reklamen på desse bilda?
Kven sponsar landslaget?
Mange firma sponsar idrettsutøvarar eller andre kjende personar. Men kor godt verkar det eigentleg? Ser du kva for eit fruktfirma som sponsar det norske fotballandslaget?
Kva er lov?
Det er ikkje forbode å lage reklame for barn. Men i Noreg har vi lovreglar som skal beskytte barn mot nokre typar reklame. I denne oppgåva får du sjå fleire eksempel på reklame til barn. Kva er lov?
Ein dag i livet mitt
Følg denne influensaren gjennom ein heil dag. Klarer du å sjå kva innlegg som inneheld reklame?
Finn reklamemerkinga
All reklame skal sjå ut som reklame. Alle som legg ut reklame i sosiale medium bør merke reklamen, slik at det er lett å sjå at det er reklame.
Ser du reklamemerkinga i desse innlegga?
Finn reklamen i spela
Mange spel er fulle av produktplassering. Andre masar heile tida på at du skal kjøpe noko i spelet.
Ser du produktplasseringa og kjøpsoppfordringane i desse spela?
Er dette lov på skolen?
Skolen kan bestemme sjølv kva reklame dei vil sleppe til, men det finst nokon hovudreglar som alle skolar må følge. Sjå på reklameeksempla i oppgåva. Er det lov å ha denne reklamen på skolen?
Kor finn du reklame?
I denne oppgåva skal du finne ord for stader du kan finne reklame.
Finn du produktplasseringa?
Mange annonsørar betaler for å vise fram produkta sine inne i spel og videoar. Dette kallar vi produktplassering.
Finn du produktplasseringa i desse bilda?
Verkemiddel i butikken
Kan du finne alle verkemidla denne nettbutikken har brukt for å få deg til å handle snøgt?