Lærarrettleiing

Reklameskolen består av to delar. Del 1 tek for seg kva reklame er, kva som er formålet med reklame og kva verkemiddel reklamebransjen bruker for å påverke oss. Del 2 tek for seg seks ulike arenaer der elevane møter reklame:

  1. Sosiale medium
  2. Spel
  3. Skolen
  4. Inne og ute (buss, plakater, info-skjermer og lignende)
  5. TV, mobil og PC
  6. Butikken

Reklameskolen er utvikla som eit komplett digitalt opplæringsverktøy, der elevane lærer om reklame gjennom tekstar, videoar og interaktive oppgåver. Elevane kan jobbe med Reklameskolen på eiga hand, men opplegget fungerer best i ei klasseromssetting der elevane kan diskutere enkelte tema og problemstillingar med kvarandre.

Heile Reklameskolen kan gjennomførast på ca. tre til fire timar. Mens dei eldste elevane fint kan komme gjennom Reklameskolen på eit par timar, vil nok dei yngste – særleg 5. trinn – trenge meir tid.

Nedanfor finn du forslag til framgangsmåte. Det er naturlegvis òg mogleg å tilpasse opplegget. For eksempel kan du godt gi delar av opplegget i lekse, eller elevane kan sjå nokre av videoane enkeltvis i staden for i plenum.

Før du går i gong

Det kan vere ein god ide å gå gjennom Reklameskolen på eiga hand før du gjennomfører opplegget med elevane. Dette vil ta omtrent 20–30 minutt. Slik kan du gjere deg kjent med oppsettet, sidestrukturen og innhaldet.

Elevane treng PC eller nettbrett for å gjennomføre Reklameskolen, og dei må ha tilgang til internett. Headset/øyreproppar kan òg vere lurt. Du bør ha Smartboard eller PC kopla til prosjektor/storskjerm slik at du kan vise videoar og oppgåver i plenum.

Reklamebrillene

Reklamebrillene er ein metafor som blir brukt gjennom heile Reklameskolen. Omgrepet blir forklart i denne videoen, men ordet blir brukt i fleire av filmane. Reklamebrillene viser at det er mogleg å trene seg opp til å kjenne igjen reklame. Det skal minne elevane på å vere medvitne på kva som er reklame, og på korleis dei blir påverka av den.

Del 1

  • Sjå den første videoen i plenum. Diskuter i klasserommet: Kva er reklame? Kvifor finst det reklame? Blir vi påverka av reklame? Kva er bra med reklame? Kva er dumt? Kan vi gjere noko for å bli mindre påverka?
  • La elevane jobbe sjølvstendig med oppgåva «Kjenner du igjen reklamen», og lese tekstane «Betalt bodskap» og «Kven seier kva til kven?».
  • Gå gjennom ordlista i «Kven seier kva til kven?» i plenum. Kven er avsendaren og mottakaren av reklame? Kva er bodskapen, og kven er eigentleg annonsøren?
  • La elevane jobbe sjølvstendig med oppgåva «Finn annonsøren». Gå gjennom svara i plenum dersom du ser at det er behov for dette.
  • Sjå videoen «Verkemiddel i reklame» i fellesskap. Diskuter i plenum: Kva betyr det å ta på reklamebrillene? Kvifor er det lurt?
  • La elevane lese tekstane «Viktige verktøy», «Ord som verkar», «Fargar som fortel» og «Varemerke og merkevarer». Diskuter i klassen: Kva er sponsing? Har de eksempel på at firma bruker kjende personar til merkevarebygging? Har dei vore med på arrangement eller kjenner de til lag som har blitt sponsa?
  • La elevane løyse oppgåva «Kven reklamerer dei for». Her kan det vere ein fordel at elevane jobbar saman i små grupper på tre eller fire, gjerne både jenter og gutar på kvar gruppe.
  • La elevane gå gjennom sidene «Bilde som lyg» og «Kva er retusjert reklame?» på eiga hand. Diskuter i klassen: Har de sett merka? Og kva tenker de når de ser det? Korleis kan retusjert reklame føre til kroppspress? Hjelper det at den retusjerte reklamen er merkt?
  • Sjå filmen om den digitale halen i plenum. La elevane kvar for seg lese teksten «Algoritmane ser deg». Diskuter i klassen: Kvifor får du opp akkurat dei innlegga du ser i sosiale medium? Korleis bruker algoritmane informasjon om deg? Er det fint eller dumt at du får reklame som passar til det du liker? Kva kan du gjere for at algoritmane skal vite mindre om deg?
  • La elevane lese teksten «Reglar for reklame» og gjere oppgåva «Kva er lov?» på eiga hand. Diskuter i plenum: Kvifor er det eigne reglar for reklame til barn? Trur de reglane verkar?
  • Oppsummer: Kva har de lært om reklame? Korleis kan de bruke det de har lært?

Del 2

Denne delen består som nemnt av seks forskjellige område kor elevane møter reklame i kvardagen. Det er mogleg å gå gjennom desse områda i den rekkefølga de sjølv ønsker, men vi har sett opp eit forslag under.

Det er naturlegvis òg mogleg å berre velje ut nokre område du ønsker å gå gjennom.

Forslag til gjennomføring:

Heimelekse:

La elevane sjå videoen om reklamebrillene.

Det er naturlegvis òg mogleg å sjå denne filmen saman på skolen.

På skolen:

  1. Reklame i sosiale medium
    Sjå videoen i plenum. Diskuter i klassen: Kva er ein influensar? Kva influensarar veit de om? Korleis tener dei pengane sine?
    La elevane jobbe med sidene «Kva er ein influensar?», «Ein dag i livet mitt», «Synleg og usynleg» og «Finn reklamemerkinga» på eiga hand.
  2. Reklame i spel
    Sjå videoen i plenum. Diskuter i klassen: Har du opplevd reklame i spel? Synest du det er lett å sjå kva som er reklame i spel? Har du opplevd at det kan koste pengar å kjøpe ting i gratisspel?
    La elevane lese teksten «Pengar og produkt» og jobbe med oppgåva «Finn reklamen» på eiga hand.
  3. Reklame på skolen
    La elevane lese teksten «Reklame på skolen» på eiga hand.
    Diskuter i klassen: Er det reklame på skolen deira? Kvifor er noko reklame lov på skolen, mens andre typar reklame ikkje er det?
    La elevane jobbe sjølvstendig med «Er dette lov på skolen?».
  4. Inne og ute
    Dette temaet kan elevane jobbe med på eiga hand.
  5. TV, mobil og PC
    La elevane lese teksten «Reklame i alle kanalar».
    Diskuter i klassen: Veit de om nokre eksempel på produktplassering? Kvifor betaler firma for denne typen reklame? Kvifor trur de produktplassering må merkast?
    La elevane jobbe sjølvstendig med oppgåva «Finn du produktplasseringa?».
  6. I butikken
    Dette temaet kan elevane jobbe med på eiga hand.

Oppsummering

Diskuter i klassen: Har de lært noko nytt om reklame? Kva overraska dykk mest? Kva kjem de til å hugse best?