Dette er ein kommunikasjonsmodell som viser ein avsendar som sender ein bodskap til ein mottakar.

Kven seier kva til kven?

All kommunikasjon har ein avsendar, ein bodskap og ein mottakar. Reklame òg. Men kven seier eigentleg kva til kven?

Det spesielle med reklame, er at nokon har betalt for å få spreidd ein bodskap. Den som betaler for reklamen, kallar vi annonsøren. Det kan for eksempel vere ein butikk eller eit klesmerke, som Normal eller Nike.

Annonsøren vil at bodskapen skal påverke mottakarane. Reklamen kan for eksempel få deg til å velje eit bestemt merke neste gong du skal kjøpe noko.

Det er naturleg å tenke at det er annonsøren som er avsendaren av reklamebodskapen. Men vanlegvis er mange forskjellige firma og personar med på å spreie bodskapen.

Reklamebyrå lagar for eksempel reklamefilm og plakatar. Influensarar spreier reklamebodskap i sosiale medium. Ofte kan det vere vanskeleg å vite kven som eigentleg er avsendaren. 

Ordliste

  • Avsendar: Den som sender ein bodskap
  • Bodskap: Det som blir sagt, vist eller fortalt 
  • Mottakar: Den som skal sjå eller høyre bodskapen
  • Annonsør: Ein person, eit firma eller ein organisasjon som betaler for å få spreidd ein reklamebodskap.