Fotografi av eit stort fyrverkeri på ein mørk nattehimmel.
Foto: Designecologist/Pexels.com

Gratulerer!
Du er no ferdig med Reklameskolen!

No har du lært mykje om kva reklame er og korleis han påverkar deg. Du har lært kor det er reklame, og korleis du kan kjenne han igjen. Då blir du kanskje ikkje like påverka av reklamen.

Når du veit korleis reklamen prøver å påverke deg, blir det kanskje litt enklare å ta eigne, gode val når du møter reklame.

Lykke til – og hugs reklamebrillene!