Abstrakt illustrasjon av dataalgoritmer
Foto: metamorworks/iStock

Algoritmane ser deg

Dei fleste sosiale medium er styrte av algoritmar. Desse små dataprogramma styrer kva innlegg, stories og videoar du får sjå. Dei prøver heile tida å vise deg meir av det du liker. Målet er å få deg til å fortsette å skrolle.  

For å klare det, treng algoritmane informasjon om deg. Derfor samlar både sosiale medium og andre nettsider og appar inn informasjon om korleis du bruker dei. Dei lagrar blant anna kva lenker du klikkar på, og kor lenge du ser på kvart innlegg. Dei undersøker òg kva du legg ut sjølv. Både tekst, bilde og videoar.  

Sosiale medium, spel og andre nettsider bruker denne informasjonen til å vise deg reklame for ting algoritmane trur du vil like. Då er det større sjanse for at du får lyst til å kjøpe tinga. Mange firma betaler for at akkurat du skal sjå reklamen deira. 

Definisjon

Algoritme: Ei oppskrift som forklarer korleis noko skal gjerast. I sosiale medium er algoritmane små dataprogram. Dei bestemmer blant anna kva innlegg du får sjå.

Dette kan du gjere:

  1. Tenk over kva du deler på sosiale medium. Vêr spesielt forsiktig med kva du deler om andre.
  2. Sjekk personverninnstillingane på telefonen og appane du bruker.
  3. Slett appar og kontoar du ikkje bruker.