Fotografi av ein gutt som ser opp på reklameveggar i ei gate i ein storby.

Betalt bodskap

Når nokon tener pengar på å fortelje om ei vare eller teneste, kallar vi det reklame. 

Reklame handlar om å vise fram eit produkt til så mange som mogleg. Mykje reklame fortel kor bra produktet er. Men reklame er ikkje berre ord og setningar. Dei som lagar reklame kan bruke både bilde, lyd og lys for å påverke deg. 

Målet med reklame er ofte å få flest mogleg til å kjøpe eit bestemt produkt. Eller til å like eit bestemt merke. Men reklame kan gjere meir enn det. Reklame kan nemleg påverke kva vi tenker og føler. Både om menneske og ting. Og om oss sjølv. 

Definisjon

Reklame er at nokon får betalt for å fortelje om eit produkt.