Reklame i butikken
«3 for 2». «Opp til 70 % rabatt». «Sal!». «Black Friday». «Tilbod!»
Mange butikkar og nettsider reklamerer med sal eller tilbod. Store plakatar i sterke fargar annonserer for eksempel «3 for 2» eller «70% rabatt».
Butikkane bruker mange forskjellige verkemiddel for å få deg til å handle fort. I nettbutikkane kan det for eksempel vere ei klokke som tel ned mot at tilbodet tek slutt. Du kan få beskjed om at det er få varer igjen, og at det er mange som ser på denne vara. Rabattkodar og kupongar kan gi inntrykk av at du er spesielt heldig som får dette tilbodet.
Det er lett å la seg rive med av slike tilbod. Derfor er det strenge reglar for korleis butikkane kan reklamere for sal. Dei må blant anna skrive prisen både før og etter rabatten. Og førprisen må vere den lågaste prisen vara har hatt dei siste 30 dagane før salet starta.
Likevel er det lurt å vere skeptisk til gode tilbod. Det kan for eksempel vere smart å sjekke om vara er billigare ein anna stad. For det er ikkje alt som er på sal som er billig!