Kva er retusjert reklame?
I reklame skal alt helst sjå perfekt ut. Både menneske og ting. Ofte blir kroppane i reklamen endra på for å sjå så bra ut som mogleg. Å endre bilde på denne måten kallar vi retusjering.
Slik reklame kan føre til kroppspress. Det er lett å samanlikne seg sjølv med dei perfekte menneska på reklamebilda. Dette kan bidra til at barn og unge får dårlegare sjølvtillit. Derfor står det i lova at all reklame der størrelsen, fasongen eller huda til ein kropp er retusjert, skal merkast med eit spesielt merke.
Merket til høgre viser at personane i reklamen er endra på, og ikkje ser slik ut i verkelegheita.
Definisjon
Retusjert reklame: Reklame der fasongen, størrelsen eller huda til ein kropp er endra på.