Malingsruller i fire farger
David Pisnoy/Unsplash

Fargar som fortel

Sjølv om språket i reklamen er viktig, er det òg mogleg å seie mykje utan å bruke eit einaste ord. Musikk kan for eksempel få deg til å bli glad, trist eller avslappa. Dei som lagar reklame kan òg bruke fargar til å vise at eit produkt har visse eigenskapar. Utan at det blir sagt eller skrive i reklamen.  

Desse fargane blir ofte brukte i reklame:  

  • Grønn: Mange firma bruker grønt for å vise at noko er naturleg eller miljøvennleg.  
  • Rød: Fargen raud tyder ofte fare. Raudt blir òg brukt for å fange merksemda di, eller for å fortelje at noko er sterkt eller kraftig.  
  • Gul: Fargen gul blir gjerne brukt som signalfarge. Mange butikkar bruker gult for å gjere det lettare å sjå at noko er på tilbod.  
  • Blå: Blått blir ofte brukt for å vise at noko er mildt, reint eller ufarleg. Nett som grønt, kan blått òg symbolisere at noko er miljøvennleg.  
  • Svart: Svart kan bli brukt for å vise at noko er moderne, elegant og dyrt.